Hun, han, hen – ein tredje kjønnskategori?


Hun, han, hen – ein tredje kjønnskategori? på Chateau Neuf, onsdag 16. mars kl. 18:00


Når eit barn blir født i Noreg er det nokre ganske rutinemessige ting som skjer. Ein måler vekt og lengde, kryssar av på nokre skjema, og noterer seg kjønnet på barnet. For ganske mange er dette ein grei prosess, og noko ein ikkje tenkjer mykje meir over resten av livet. Men for nokre personar blir noteringa av kjønnet eit problem, ikkje objektive fakta.

Transpersonar i Noreg har i dag eit lite handlingsrom reint juridisk. Dersom dei ynskjer å skifte juridisk kjønn, må dei passe inn i smale kriterium for å få diagnosen transseksualime på Rikshospitalet. Deretter må dei gjennom ein kjønnsoperasjon der mellom anna testiklar eller eggstokkar blir fjerna. Dette tilbodet vart til på 70-talet, og lite har endra seg sidan då. Fleire menneskerettsorganisasjonar, som Amnesty, har kritisert norsk praksis, og med rapporten «Rett til kjønn» som vart lagt fram for helsedepartementet i fjor, har det kome fleire forslag til korleis Noreg kan betre seg.

Eit av forslaga var å greie betre ut om det gjekk an å innføre ein tredje kjønnskategori, i tillegg til mann og kvinne. Det vil seie at ein i alle identifikasjonspapir vil kunne krysse av for «x», eller «ubestemd», når det kjem til kjønn, slik til dømes Australia si ordning er. Personane som vil nytte seg av dette er mellom anna dei som ikkje føler seg heime korkje som mann eller kvinne, eller som skifter mellom desse kjønnsidentitetane. Kor mange som faktisk kjem til å nytte seg av tilbodet avheng også av kor strengt kravet for å skifte juridisk kjønn frå mann til kvinne blir i framtida. India, Nepal og Danmark har liknande ordningar. Så burde det ikkje gå greitt å gjere det same i Noreg?

tredje kjønnskategoriDet er fleire utfordringar dersom ein skal innføre ein tredje kjønnskategori. Frå det noko banale spørsmålet om korleis dei i denne kategorien vil bli påverka av kjønnspoenga til høgare utdanning, til kva som skjer med det norske personnummeret. Det tredje talet etter fødselsdatoen i personnummeret seier om du er mann eller kvinne, og ein tredje kjønnskategori vil bety at vi må gå bort frå dette.

I tillegg har ein del lovar som tek for seg foreldrepermisjon og omsorgsplikt eit kjønnsspesifikk språk. Det blir eit stort byråkratisk arbeid. Det er vanskeleg å telje nøyaktig kor mange transpersonar som finst i Noreg, sidan definisjonen er skiftande, men det er snakk om ei relativt lita gruppe av alle innbyggjarane. Sidan lovendringa vil bli avgjort av politikarar, kjem kostnadane av det byråkratiske arbeidet til å bli vekta mot  gevinsten, altså kor mange som får det betre. Dette er antakeleg ein av grunnane rapporten «Rett til kjønn» bad om ei større utgreiing rundt forslaget.

Debatten rundt dette har vore lite synleg i media, så kven er for og kven er mot? Transsaker er generelt ikkje eit særleg omdiskutert tema. Ikkje fordi det er stor einskap, men fordi det ikkje blir prata om. Nyleg kritiserte Grøn Ungdom helseminister Bent Høie (H) for å ha lagt forslaget om ein tredje kjønnskategori på is, utan ei skikkeleg grunngjeving.

Her er det ein tydeleg generasjonsforskjell når det kjem til kven som pratar om saka. I tillegg til Grøn Ungdom er også Raud Ungdom, Sosialistisk Ungdom, Unge Venstre og Fremskrittspartiets Ungdom alle for forslaget. Nokre av moderpartia er også for, men har vore lite framme i media. Då kan ein spørje seg om det berre er eit spørsmål om tid, og at med neste generasjon vil «hen» vere ein sjølvfølgeleg del av juridiske dokument. Espen Ottesen, informasjonsleiar for Norsk Luthersk Misjonssamband, er ein av dei få som har vore konsekvent i ytringane sine om transsaker frå eit meir konservativt standpunkt. Men det er ikkje eit stort engasjement frå mot-sida for å ha ein skikkeleg debatt om moglegheita for ein tredje kjønnskategori. Det er utruleg synd, for det er ein god grunn til å ta denne debatten no, og ikkje med neste generasjon.

Det er no helsetilbodet for transpersonar faktisk er i ferd med å bli ordentlig diskutert. Det er med denne regjeringa ny lovgiving blir forma. Kva som skal gjelde for transpersonar i framtida blir avgjort akkurat no, og uansett kva ein synes om dei forskjellige forslaga, bør ein vere for ein meir offentleg debatt rundt det helsedepartementet går inn for.

Vi treng kritiske stemmer som kan sjå kva dei svake sidene ved forslaget er. Innføring av ein tredje kjønnskategori kjem ikkje til å skje over natta, men forslaget kjem ikkje til å gå bort med det første, dersom ein lyttar til ungdomspartia. Å la ver å prate om ein tredje kjønnskategori gjer ikkje at debatten blir borte. Det berre utsett han.

5 kommentarer til “Hun, han, hen – ein tredje kjønnskategori?

  1. Tilbaketråkk: grupa axa
  2. Howdy very cool web site!! Guy .. Excellent .. Superb ..
    I will bookmark your website and take the feeds also…I’m happy to seek out so many helpful information right here within the post, we
    want work out extra techniques in this regard, thank you for sharing.

Legg igjen en kommentar til forecloures Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *