Korleis kan vi få meir mangfald i samfunnsdebatten?

Når du slår på tv-en, leser kronikker i avisa, følgjer med på debattar, kven er det du får sjå? Reflekterer det kor samansett Noreg er med forskjellige kulturar, religionar, funksjonsemne, legning, og andre identitetar? Mykje kan tyde på at det ikkje gjer det.

l-phpI følgje Integrerings- og mangfaldsdirektoratet utgjer innvandrarar berre 2% prosent av kjelder i artiklar. Sysselsetjing blant funksjonshemma personar ligg i ordinært arbeidsliv ligg på 44% og det går også utover representasjon i mediebransjen. I tillegg kjem kjønnsforskjellar. For sjølv om kvinner ikkje strengt tatt er ein minoritet i samfunnet, er 7 av 10 kjelder i media menn.

Men er det eigentleg eit problem at all media får med kvart einaste perspektiv i nyheitssamanhengar?

Empo TV, Utrop og Sister Hood-magazine
Det finnest faktisk fleire mediealternativ spissa mot minoritetar i Noreg.
Ein har NRK Sápmi som har ein relativt lang tradisjon på både TV og radio, og med internett og ei demokratisering av digitale resursar blir det fleire og betre tilbod.
Empo TV har etablert seg som eit talerøyr for funksjonshemma personar som ein del av eit større tiltak.
Utrop marknadsfører seg som Noregs første fleirkulturelle avis.
Sisterhood-magazine er eit nettmagasin retta mot kvinner med muslimsk bakgrunn.

Likevel bør det inn eit større mangfold innan det ordinære mediebiletet, både fordi minoritetspersonar kan ha like god kompetanse om noko som ikkje spesifikt har med minoritetsbakgrunnen deira, og fordi majoritetsbefolkninga har godt av å sjå folk som ikkje alltid liknar på dei.

Fleire fordelar med fleirkulturell journalistikk
Når ein person med CP kan bli spytta på medan ho er på bussen ligg det både diskriminerande tankar, fordommar, og mangel på kunnskap bak, som kanskje kunne blitt minska dersom annleisheit hadde vore meir normalisert. Det er også ein fordel for mediebransjen å sikre eit større mangfald, sidan det kan hjelpe dei i nyheitssanking.
I ein artikkel frå 2010 påpeiker Majoran Vivekananthan fleire fordelar ved å ha fleirkulturelle journalistar, mellom anna at ein kan få betre tillit frå gode kjelder når ein har ein har felles kulturell bakgrunn.

14627733_1119087824865933_393050588_n

Ei interessant og viktig probelmstilling
Så kva er det som eigentleg hindrar mangfald i media? Ein grunn kan vere at minoritetar er særleg utsett for hets og hatprat dersom dei stikk seg fram. Kampanjen «Stopp Hatprat» løfter fram dette spesielt som eit argument for å jobbe mot netthets. Noko anna er utdanning. Det er ikkje til å leggje skjul på at samfunnsvitarar og andre «ekspertar» som blir kontakta av nyheitsmedia for å kome med informasjon og eigne meiningar gjerne er ei meir homogen gruppe enn resten av Noreg si befolkning.

Nøyaktig kva ein eigentleg skal gjere for å få betre mangfald i media er heller ikkje enkelt å svare på. Nokre tyr til kvotering. BBC har i år fastsett at innan 2020 skal kvar skjette medieprofil enten vere funksjonshemma, eller vere lesbisk, homofil, bifil, eller transperson.

Dette er ikkje eit forslag utan problem. Ein person kan fint identifisere seg som skeiv utan at det er synleg. Det finst også funksjonshemmingar som ikkje er opplagte med mindre ein har tilgang på den medisinske historia til personen.

Uansett er det ei interessant og viktig problemstilling som bør diskuterast meir. Onsdagsdebatten er veldig glade for å ha fått tak i dyktige personar som kan gjere nettopp dét. Vi kan i alle fall vere med på å løfte fram dei mange stemmane i Noreg som bør bli høyrt.

Så plukkar forhåpentlegvis andre opp temaet vidare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *