Trus- og livssynssamfunn: Demokratibyggjar eller skattetappar?

Noreg er eit av dei landa i verda som har ei generøs støtteordning til trus- og livssynssamfunn. Kvart år blir millionar av skattekroner satt av til frikyrkjer, moskéar, synagoger, forskjellige tempel rundt om i landet, i tillegg til den årlege støtta Den Norske Kyrkja får.

Samstundes stig talet på nordmenn som ikkje er medlem av Den Norske Kyrkja. Færre døypast, og med innvandring blir det ei meir komplisert samansetting av kva nordmenn trur på og dei nyttar seg ikkje av trussamfunn sine tenester på same måte som før. Er då støtteordninga som vart etablert i 1969 riktig å ha no?

Debatten rundt støtteordninga er ikkje ny, men har fått ny giv sidan Den Norske Kyrkja teoretisk sett skal vere skilt frå staten etter 1. januar 2017. Diskusjonen kan eigentleg kokast ned til to spørsmål. Skal vi i det heile tatt ha ei statleg støtteordning for trus- og livssynssamfunn i Noreg? Og dersom vi skal ha det, er det rett at Den Norske Kyrkja får ein særeigen plass, slik ho har alltid har hatt?

Då lova om støtteordninga vart til i 1969 var ho basert på ein tanke om religionsfridom, og at ein ikkje kunne finansiere statskyrkja med skattepengar, utan å ha ei ordning for dei andre trussamfunna i Noreg. Så lenge vi har hatt ei statskyrkje har det difor vore vanskeleg å i det heile tatt prate om å avvikle støtteordninga, men utan ei statskyrkje endrar diskusjonen seg. Dersom argumentet skal vere basert på religionsfridom, at alle skal kunne utøve si eiga tru slik dei vil, og med like moglegheiter, følgjer det at trussamfunna behandlast likt. Det tyder at enten får alle støtte på likt grunnlag, eller vi kuttar støtteordninga, og lar medlemmane betale sjølv.

Ei gruppe det kanskje ville vore meir rettferdig for om ein må betale for sitt eige trussamfunn, er dei som ikkje offisielt er medlem av noko trus- eller livssynssamfunn. Det er fleire av dei no enn det var i 1969. Desse blir ikkje teke særleg høgde for å noverande lovgiving, og ein del av skattepengane deira går direkte til Den Norske Kyrkja, utan at dei har noko tilknyting til henne.

Dersom ein skal fortsett å bruke skattepengar på dette, må ein forsvare at det er eit felles gode og at tenestene dei forskjellige trussamfunna leverer er verdt det. Og det kan ein godt tenkje seg at det er.

Trussamfunn er ofte til støtte for personar i store overgangsfasar i livet sitt. Mange tilbyd ekteskapsrådgiving, støtte ved dødsfall, og knyt gjerne eit lokalsamfunn saman med både seremoniar, aktivitetar, og fungerer som ein møteplass og samlingspunkt. Det å ha eit lågterskeltilbod for personar som slit, og som ikkje involverer helsevesenet må reknast som eit felles gode det er verdt å bruke skattepengar på. Det å prate om sorg med presten, imamen, eller andre religiøse autoritetspersonar er kanskje mindre stigmatiserande og meir tilgjengeleg enn å gå til ein psykiater.

Igjen er det spørsmålet om dei som fell utanfor desse gruppene lett kan nytte seg av desse tenestene. Kunne ikkje det same vore oppnådd dersom ein styrka dei psykiatriske helsetenestene, skulane, og lokale kulturtilbod?

Personleg skulle eg heller sett at pengane gjekk til noko alle i Noreg kunne nytta seg av.

Men dersom vi skal ha støtte til trussamfunn, må ein likevel sjå på kva som skal skje med Den Norske Kyrkja. Slik støtteordninga fungerer i dag får ho tildelt middel på statsbudsjettet, og ut frå kor mykje dette er får andre trus- og livssynssamfunn i Noreg støtte på lik linje, i forhold til kor mange medlem dei har. Er det riktig at Den Norske Kyrkja skal definere støtta til trussamfunn på denne måten?

Det er ikkje å kome utanom at Den Norske Kyrkja er i ei særeigen stilling sidan ho disponerer store deler av den norske kulturarven i form av mellomalderkyrkjer, gravplassar, domsskyrkjer, og fleire ting mange er einige er verdt å ta vare på. Men skal dette ansvaret eigentleg falle på eit trussamfunn? Kunne ikkje dette falt inn under historiske institusjonar og riksantikvaren?

Uansett meiner eg støtteordninga slik ho er no må endrast, både på grunn av demografiske endringar i det norske folket, og det at vi ikkje lenger har ei statskyrkje, men også fordi det må vere klarare kva som er lov og ikkje lov, spesielt når ein har trussamfunn som juksar med medlemslistene sine for å få meir pengar. Den Katolske kyrkja er dei nylegaste som har vore framme i nyheitsbiletet med dette, men dei er ikkje dei einaste. Nøyaktig korleis vi skal gjere det er eg meir usikker på, og eg gler meg til å ha ein god debatt 25. januar kl. 18.00 på Chateau Neuf, der vi kanskje kjem fram til eit svar!

Én kommentar til “Trus- og livssynssamfunn: Demokratibyggjar eller skattetappar?

  1. Demokratibygger?
    Almueskolen ble innført for at almuens barn skulle lære gjennom katekismen at samfunnsordenen var innstiftet av Gud. Opprør mot denne førte til evig fortapelse.

    Trossamfunnene har vært demokratiets fiende i alle år og er det fortsatt. Det baserer seg på underkastelse av sannheter skrevet av andre og som bare selvautoristerte fora har anledning til å endre.

    Trossamfunnene må eksistere på frivillig basis. Deres tolkning av livet og virkeligheten er en privatsak som lovlig skal kunne hevdes, men ikke være mer bindende enn andres mer eller mindre fikse idéer og politiske visjoner.

    Samfunnet bygges mellolm likeverdige personer. Gud og hennes profeter er ikke våre likeverdige. For noen finnes de ikke og for andre er de deres herrer. Det går ikke i et demokrati.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *