Førdefjorden: sett ein prislapp på naturen

Førdefjorden, my little fjorddeponi på Klubbscenen, fredag 18. september kl. 18:00
Førdefjorden plakat
Miljødepartementet meiner sjølv at samfunnsnytta må vere større enn tapet av miljøkvalitet. Er det greitt å vege verdien av naturen opp imot økonomisk avkastning? Korleis måler ein så verdien av naturen? Er gruvedeponiet i Førdefjorden i det heile tatt forsvarleg?

I april i år sa regjeringa ja til at gruveselskapet Nordic Mining skal få utvinne mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal. Stoffet kan blant anna brukast som råstoff i framstillinga av titanmetall, og det er stor etterspurnad etter det på verdsmarknaden. Restmassane vil bli dumpa i Førdefjorden, noko som vil dekke til sjøbotn og truge heimen og gyteområda til raudlista artar. Det er dette vi kallar fjorddeponi. Likevel meiner regjeringa at miljøkonsekvensane ikkje er store nok til å stoppe prosjektet som har ein netto noverdi på ca. 3,9 milliardar kroner.

Miljødepartementet skriv i sitt løyve til gruveverksemd i Engebøfjellet at ein må bruke den teknologien som ut ifrå ei samla vurdering av noverande og framtidig bruk av miljøet, samt økonomiske forhold, gir dei beste resultata. Dei skriv også at samfunnsnytta av verksemda må vere større enn tapet av miljøkvalitet. Tydelegvis er sannsynet for at det skjer alvorleg skade på pigghå, blålange, kysttorsk og ål så lite at det ikkje veg opp for den positive samfunnsnytta.

Med ein stadig meir miljøbevisst ungdomsgenerasjon, er det ikkje slik ein får ungdommen heim til fylket. Er tanken at med meir skatteinntekter til kommunen frå Nordic Mining, som kan føre til fleire arbeidsplassar, kan det bli meir attraktivt å flytte heim? Sjansen for at nokon i det heile vil flytte til ein stad som blir kritisert frå alle kantar for sine lite innovative løysingar, er verkeleg låg. Kven vil vel flytte til ein kommune eller eit fylke som har eit slikt negativt omdøme? Det finst lite forsking på omfanget av tapte arbeidsplassar og økonomisk verdiskaping hos verksemder som er avhengige av fjorden både som matfat og reisemål. Det kan for all del hende at netto resultatet er negativt nettopp fordi desse næringane taper.

Miljødepartementet legg ut om overvaking og avbrotskriterium som skal sikre at dersom tilstanden blir verre enn spådd, skal verksemda stoppast. Det at prosjektet ved Engebøfjellet har blitt stilt veldig strenge krav til, seier kanskje meir om risikoen med eit slikt prosjekt. Endring i botnfaunaen ved deponering kan endre økosystemet i fjorden. Men om og korleis dette kan skje er høgst usikkert, det same er konsekvensane av utreiinga. Miljødepartementet skriv sjølv at dei har for lite kunnskap om naturmangfaldet i dei norske fjordane. Dette verkar uforsvarleg i og med at dei då ikkje har kunnskapar om konsekvensane heller. Det blir for mange ulemper og usikkerheiter mot gevinsten. Vi kan ikkje vere etterpåkloke – her er det føre-var-prinsippet som må gjelde.

Etter forureiningslovene er i prinsippet all forureining ulovleg. Men når forureiningsmyndigheitene meiner det er forsvarleg kan det bli gitt løyve. Kva meinast med loveleg forureining? Jan Helge Fosså ved havforskingsinstituttet kallar prosjektet for den største planlagde forureininga i moderne norsk historie. Har vi gått så langt at vi tillét at havbotn ligg død i 50 år så lenge det gir nok profitt? Kan vi gå så langt å seie at saka faktisk strider imot lovverket, og dermed er miljøkriminalitet? Viss ikkje må det i tilfelle vere eit veldig lite smutthol i lovverket som kanskje til og med kjem av lobbyverksemd frå gruveindustrien til den noverande regjeringa.

Går det ikkje an å vente? Å finne fleire og betre løysingar? Landdeponi er foreløpig ikkje ei god løysing, men det er heller ikkje fjorddeponi. Det finst forsking på tilbakefylling og ”zero waste mining”, ein type avfallsfri gruvedrift. Kva med å gi endå meir tilbake enn det vi tar? Vi kan ikkje vere ”mindre dårlege” ved å velje den løysinga som er minst skadeleg.

Vi må finne ei betre løysing, ei framtidsløysing. Og vi har god tid. Noreg er framleis eitt av verdas rikaste land og har relativt låg arbeidsløyse. Minerala i fjella forsvinn ikkje, dei er der sjølv om vi tenker oss om ein ekstra gong.

Én kommentar til “Førdefjorden: sett ein prislapp på naturen

  1. Tilbaketråkk: najbolja domaca muzika

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *